Eikefjord Idrettspark består etterkvart av mange bygg. Desse må vedlikehaldast og takast vare på.
Tidlegare i år vart det i samråd med spelarar og foreldre bestemt at jente og -gutelaget skal få reise på Norway Cup. Det er kostbart å delta på denne turneringa, og ein vart einige om at klubben skal bidra med økonomisk støtte, mot at laga bidreg med dugnadsinnsats for klubben gjennom sesongen. Første oppdrag vart vårdugnad på stadion. Her skulle det vaskast, ryddast og målast. Vèrgudane var på vår side, og det vart ein vellukka dugnad på alle måtar.
Fredag 18. april stilte jentelaget opp og vaska ned klubbhuset, slik at det skulle vere klart til måling på laurdag. Dei gjorde ein framifrå jobb!
Laurdag 19. april kl 10 var både gute og-jentelaget klar til innsats. Arbeidsoppgåver mangla det ikkje på. Her skulle ein måle klubbhuset innvendig/utvendig, måle innbyttarbenkar og ballvegg, olje tribuna og måle kiosken ved kunstgrasbana innvendig/utvendig. I tillegg til spelarane sjølve, hadde nokre foreldre også funne fram arbeidskleda. Styret i fotballgruppa var sjølvsagt også med.
Etter nokre timars arbeid var det klart for litt mat. Her fekk alle pølse m/brød og brus. Litt kjeks og sjokolade vanka det også til ivrige arbeidarar.
Ca. kl 17 starta oppryddinga etter ein lang, men triveleg dag.
Vi rakk berre å måle eit strøk denne dagen, og onsdag 23. april var det på ny dugnad med styret og dei som ikkje hadde høve til å møte på laurdag. Då fekk klubbhuset og kiosken andre strøket med måling.
No gjenstår litt flikking og legging av nytt golv i klubbhuset, før vi kan få opp igjen veggpynt og nye gardiner. Det er kjekt å kunne ynskje publikum og spelarar velkomne til sesongen 2009 i så flotte omgjevnader.
Tusen takk til spelarar og foreldre som har stilt opp desse dagane. De var utruleg flinke!!