Flora bystyre får på bystyremøte tirsdag orientering om status for prosjektet Eikefjord barne- og ungdomsskule, der det har vore lyst ut plan- og designkonkurranse. Skulen skal utvidast og moderniserast, men det er ikkje bestemt om ein skal bygge nytt, bygge på eller bygge om.
Det er lagt opp til ein framdriftsplan der ein i løpet av våren skal vurdere dei innkomne forslaga i konkurransen. I veke 18 skal bystyret så velge vinnar, deretter vert det opna konkurranse om tenestekontrakt. I juni er det meininga at bystyret skal vedta vinnar av tenestekontrakt og økonomisk ramme for prosjektet.
Kilde: Firdaposten