A-laget er klar til heimekampen mot Syril i dag kl 14.00! Dette oppgjeret vert garantert meir spanande enn fredagskrimmen og nattkinoen tilsaman, så her er det berre å kome seg opp av senga, ut døra og ut på bana. Litt heiahjelp tek dei imot med stor glede, så møt opp på tribuna, med og utan vuvuzela, og gje tangotrøyene skikkeleg støtte!

Atle Hopen kjem! Kjem du og?

 

A-laget har omtrent vore på 2. plass gjennom heile sesongen, men etter å ha gjeve i frå seg poeng i dei siste kampane, har ein no ramla ned til 3. plass. Saga er allereie vinnar av divisjonen, så no er det 2. plassen til og med 6. plassen som gjeld. Neste år skal altså laga som hamnar på desse plassane, spele i mot laga på nedre del av årets Firdaliga.

I vår var eikefjordingane i Leikanger og spelte 1-1 borte i mot Syril. No har sogningane mobilisert og klatra ein del hakk på tabellen, så dette ligg an til å verte eit tett og tøft oppgjer.

Tabell, spelarar og mykje meir finn ein på www.eikefjord-fotball.no




 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2