I flomlyset på kunstgrasbana på måndag vann damene i frå Eikefjord heile 5-0 over Gaular! Dette var eit resultat heilt i tråd med kva trenar Per-Øyvind Sørbø hadde førespegla i soluret sitt fleire dagar før kampen!
Damene vann 5-0 heime mot Gaular! Kathrine Nybø laga 1-0 etter 20 minutt, medan Marte Barlund la på til 2-0 fem minutt etterpå, og Elin Margrethe Sørbø sette inn det tredje målet etter vel ein halvtime spelt.
I den andre omgangen viste Birthe Fjell Osland at dei gamle er forsatt er best, for ho laga like godt to mål etter 70 og 75 spelte minutt. Dette var Birthe sine to fyrste mål for sesongen.
Eit pussig poeng i denne kampen var Per-Øyvind som nemleg hadde lova at damene skulle vinne med dette resultatet. Etter forrige kamp borte i mot Askvoll/Holmedal, ein kamp damene tapte 4-1, så lova nemleg trenaren å vinne med 5-0 i neste kamp i mot Gaular.
Og som sagt så gjort. Per-Øyvind holdt kva han hadde lova, og dommaren kunne skrive 5-0 i dommarkortet.
Her har Per-Øyvind garantert sett noko som ingen andre har sett, og ein tvilar på at nokon andre i framtida kjem til å sjå det heller. Ein av pålane han har sett opp i fjæra, har truleg stått i ein slik vinkel til sola at soluret som då vart danna, hamna på tala fem og null.
Er det nokon som ynskjer å sjå lagbilete av damene, finn ein dette på www.eikefjord-fotball.no