I helga hamna elgjegerar i Sjåk ubehageleg nær ein stor brunbjørn. Og den som var nærast av alle, var Gunvar Seljeseth frå Eikefjord. Han gjekk som hundeførar for elgjaktlaget han er ein del av, og opplevde det som skjedde slik:
- Hunden byrja oppføre seg merkeleg og trekte mot noko tett småskog. Då vi nærma oss såg vi svære spor, og eg såg raskt at det var bjørn. Medan eg tok radioen for å varsle dei andre, braka bjørnen ut og forsvann med lynets fart, fortel Seljeseth til Firdaposten