Tirsdag kveld presenterte plankomiteen for utbygging av Eikefjord skule teikningar og skisser av dei to forslaga som ein har landa på etter eit godt samarbeid med Link Signatur som vant arkitektkonkurransen.
Det var stort sett prosjektleiar Jeikishan Jagetheesan som hadde ordet og la fram planane.
Først gjekk Jeiki fort gjennom bystyret sine beslutninger i saken der det kom fram at bystyret har satt ei ramme på 68 mill. inkl. mva på prosjektet. 68 mill er ein sum som teknisk har regna seg fram til at prosjektet ikkje bør overstige og som dei fekk bystyret med på å sette som tak.
Mykje av prosjektet hausta lovord, men gymnsal løysinga i dette prosjektet fekk strykkarakter av bygdefolket. For å beholde dette gamle skrapet må løysinga bli slik var ein av kommentarane frå salen. I den andre enden av skulen hausta elevkantina og musikkrom applaus frå salen. Lærarfasilitetane i 2. etasje i dette nybygget fekk enkelte kommentarer, men representantane frå lærarane meinte dette var ei god løysing og slik dei ønskte det.
Så var det over til prosjektet inklusiv fleirbrukshall. Sjølve skuleprosjektet var stort sett heilt likt med unntak av musikkrommet som her var flytta til gymsalen. Dette er prosjektet som bygdefolket vil ha, men det koster. 32 mill vil det koste ekstra å bygge denne hallen og det er bygda som må koste det med unntak av det ein kan få ut i tippemidlar ein gang etter 2014. Om ein vel å utsette denne utbygginga vil ekstrakostnadane komme på heile 17 mill i følge arkitektane.
Politikarane var stort sett stille på møtet på Allhuset, men etter sterkt press frå salen tok Ordføraren ordet og forsikra at Flora Kommune ville samarbeide og hjelpe så godt som dei kunne. Kommunen har ikkje midlar så vi må samarbeide sa Bente Frøyen Steindal til slutt.
Som avsluttning på møtet la Anders Ole Sunnarvik fram ei finansieringsplan for fleirbrukshallen der tippemidlar, egenkapital frå lag og orginisasjoner og gaver var dei sentrale elementa. I denne planen var mangla min 10 mill som måtte finansierast på anna måte.
Kommentaren frå salen var at ein heller kunne starte eit aksjeselskap for fleirbrukshallen og leige den ut til bl.a. Eikefjord skule og kommunen.
Eikefjord.net kjem tilbake med presentasjon av dei to utkasta som blei presentert på møtet.