Eit klart fleirtal i Eikefjord Skyttarlag stemte for å gå inn i Grovastøylen AS på årsmøtet torsdags kveld. Laget går inn med 200 000 i aksjekapital og blir dermed ein likeverdig aksjonær med dei andre eigarane. Dei automatiske skivene som idag står på Storebru blir flytta til Grovastøylen og blir ein del av dugnadinnsatsen til laget.

Ein viktig faktor for skyttarlaget var at dei kunne halde fram som eit sjølvstendig lag og ta vare på miljøet i skyttarlaget. Laget har fått om trent same vilkår som Brandsøy skyttarlag og vil få eit eige klubbrom i skyttarhuset på Grovastøylen.

Det var viktig for oss å komme med i ein tidleg fase slik at vi kan vere med å påverke både prising og anlegg, seier Oddvar Endestad til Firdaposten. Vi har mange lovande unge skyttarar, men ser at dei flyttar til andre lag for å utvikle seg vidare når dei når eit vist nivå. Vi håpar å behalde desse i klubben når vi no kan tilby betre vilkår.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2