Heile fylket har følgt med på fylkeskomikaren Ole Johannes Øvretveit sin kamp mot kiloa og kondisjonen det siste året. Heilt sidan Kurt Asle Arvesen utfordra han til å sykle Gaularfjellrittet, har Ole Johannes lagt i hardtrening. No har han gått ned 20 kilo, og turen opp Gaularfjellet gjekk som ein leik.
 
Ole Johannes sin blogg på NRK sine nettsider om prosjektet er blitt ein megasuksess, med 115 000 treff på ein månad. Ikkje verst, i eit fylke med 108 000 innbyggarar!
 
Ole Johannes har i årevis tidlegare vekt rungande latterbrøl med sine historier og erfaringar som småbarnspappa og ektemann, no fortel han med eit stort glimt i auget om trening og "shape-up" og kunsten "å bli tatt seriøst" i forestillinga.
 
No kan du få med deg denne latterbomba!!
 
Laurdag 20.november kl. 20.00, kjem nemlig Ole Johannes Øvretveit til Eikefjord. Showet vert på Allhuset og billettprisen er 195,-  Det vert sal av øl og vin under showet.
 
 Dette vil du ikkje gå glipp av!!:)

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2