Sogn og Fjordane fylkeskommune startar frå og med fredag 12. november ei ny skyssordning for dei som bur i Sandvik/Steinhovden og Steindal/Svardal. Serviceskyssen er eit brukarstyrt transporttilbod som hentar deg heime, og køyrer deg heim til døra.
Dette er ei bestillingsrute som har avgang berre dersom det vert tinga plass seinast klokka 18.00 dagen før. Tilbodet er i tillegg fleksibelt og opnar for å endre tidspunkt for avreise/retur dersom det er semje om det, og det vert avtala med transportøren i god tid på førehand.
Alle, anten det er rullestolbrukarar eller funksjonsfriske menneske, er velkomne til å ta i bruk tilbodet. Det kostar 15 kroner i eigendel kvar veg.
Rutetider:
Sandvik – Steinhovden – Eikefjord kvar torsdag kl. 13.30. Retur kl. 16.00.
Steindal – Svardal – Eikefjord kvar fredag kl. 13.30. Retur kl. 16.00.
Telefonnummer i Eikefjord: 57742600.