Onsdags kveld heldt Alex Vassbotten sin lovnad at pengane han sparte på mindre eigedomsskatt på oppdrettsanlegga skulle komme dei unge til gode. Han hadde invitert medlemmer og leiarar frå Skulemusikken, Ungdomslaget, Skigruppa og Basketballgruppa til kontorbygget på Hopen for å dele ut pengane.
Pengane skal brukast og ikkje stå på bok, understreker Alex.
Skulemusikken som fekk 40 000, planlegg ny tur til Scarborough i England. Det krev mykje dugnad for å klare dette og pengane er ei kjempemotivering , seier Nina Liseth.
Skigruppa som også fekk 40 000 vil bruke pengane på skihuset på Humlestølen. Vi vil settje inn smørebenkar i første etasje og gjere det trivlegare å være der, seier leiar Jan Arve Solheim.
Basketballgruppa fekk også 40 000 og vil investere i nye drakter slik reglane krev. Pengane vil også gå til reiser og overnatting i Bergen når dei er der og spelar kamp. Det nystarta laget ligg på andreplass i ungdomsserien i Hordaland.
Ungdomslaget stod ikkje på den opphavlege gåvelista, men etter uimotståeleg søknad fekk dei også 20 000. Pengane vil gå til nytt biljardbord og prosjektør til filmframvisning. Sei har også starta hobbyverkstad der dei treng ein del utstyr.
Alex sparte 90 000 på ny verditakst på anlegga hans i Flora kommune. Dette ville han dele ut til spesielt ungdomstiltak og den rause oppdrettaren let ungdommar i heimbygda få nyte godt av gåvedrysset der kuleramma stoppa på 140 000 kroner.
Kvart år gir Steinhovden-gruppa ca 1% av overskuddet til gode formål. Tidlegare i år har dei gitt 166 000 til bl.a Eikefjorddagane og HovlandstølenOpp. Denne tradisjonen vil han føre vidare og legg vekt på at det skal komme barn og ungdom tilgode.
Les meir i Firda lørdag