Eikefjord spilte i dag på heimebane mot Loddefjord frå Bergen. Eikefjord tok kommandoen raskt og så seg ikke tilbake, og vant til slutt 73 - 38.

Toppscorare vart Håvard Brandsøy med 26 poeng og Christoffer Akselsen med 16 poeng.
– Det er glimrande. Rett og slett veldig imponerande med tanke på at det er første gongen med seriespel for guttane. Eg synest vi speler bra og likar måten vi styrtar i angrep etter godt forsvarsarbeid. Litt småfeil må vekk når vi skal opp mot litt tøffare motstand, men elles veldig bra, seier Dag Nybø til Firdaposten.

Eikefjord ligger no som nummer 2 på tabellen med like mange poeng som nummer 1 Askøy. Så neste søndag 28 november er det heimekamp mot Askøy kl. 14.30. Så møt opp og få den gode adventstemninga med litt basket før ein tenner det første lyset.

Les også Firdaposten

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2