Laurdag kveld blir det intimkonsert med Ole Reinlund på Nærleiken. Publikum kan sjå fram til ein konsert med variert innhald kor kjærleik og nærleik står sentralt.
Reinlund ute med sitt tredje album
Sidan starten på 1990-talet har Ole Reinlund opptredd med eigne viser. Han platedebuterte i 1995 med bandet ole og dei, og i 2003 kom soloalbumet ”For det... var hit”, som han blei nominert til Spelemannspris for. I 2006 gav han ut EP-en ”Vegen tilbake”, og i haust slapp han sin tredje plate ”DEG”.

Parallelt med å vere musikar, har Reinlund i alle desse åra hatt ulike andre jobbar. For tida er Reinlund konstituert rektor ved Ålesund videregående skole.

Akustisk visejazz
Ole Reinlund skriv det aller meste av tekst og musikk sjølv. Sjangeren kan ein gjerne karakterisere som ”poetisk visepop med jazzelement”. Han skriv og syng på Karmøy-dialekt, og spelar sjølv piano og akustisk gitar. I 10 år har Ole Reinlund spela saman med musikarar som høyrer til i toppsjiktet blant norske jazzmusikarar.

Samliv som raud tråd
På sitt nye album ”DEG” er samliv eit gjennomgongstema. Samliv mellom ho og han, mellom foreldre og born og mellom vener. I tillegg rommar albumet perspektivet samliv som ”liv saman på same klode”, mellom folk under ulike himmelstrok. Samlivstematikken er vidare fletta saman med to ulike reise-perspektiv, sjølve livsreisa og reiser i livet.

Sjølve arrangementet:
Dei som vil vere med på denne lille musikalske reiseopplevinga på laurdagskvelden må kontakte Gro på:
sms (913 21 392) eller
epost [email protected] for å sikre seg ”flybilletter”.

Billettpris: 150,-

Dørene opnar kl 1930.
På menyen denne kvelden står ei deilig Thailandsk kyllingsuppe.
Konsertstart kl 21,

Ole Reinlund skapar ei utruleg flott stemning med musikken sin. Vi har som kjent eit lite lokale på Nærleiken, og må diverre sette eit tak på tal publikummarar. Ver rask med å sikre deg billett.

Eg tykkjer bodskapen i musikken til Ole Reinlund passar som hånd i hanske med verdigrunnlaget her på Nærleiken. Eg gler meg verkeleg til denne konserten, og eg håper mange har høve til å dele denne kvelden på Nærleiken.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2