No ber foreldrearbeidsutvalet (FAU) kommunen om hjelp.
– Vi har eit sterkt ønskje om å få utvida barnehagen. Vi krev at kommunen straks greier dette ut. Samstundes ber vi om å få rusta opp barnehagen vår. Det trengst verkeleg, seier Cathrine Holsen Gardner, leiar av Foreldre-arbeids-utvalet (FAU) ved barnehagen til Firdaposten.
Allereie no veit ein om seks sju kvinner frå bygda med veksande mage som ventar barn tidleg neste år. Og enno er ikkje entreprenørane komne i gang med utbygginga av det store byggjefeltet på Lyngneset, som vil truleg auke presset endå meir.