Anleggsarbeidet på Hovland Kraftverk er i full gang. Ovanfor beitet til Bjørn Øren er dei igang med å knuse masse som skal brukast til fyllmasse rundt røra. I tillegg er denne grusen brukt til å oppgradere vegen oppover Hovlandslia slik at denne skal tåle anleggstrafikken. Oppe på Løype er dei komne igang med å lage grøfter og legge rør.
Det er ikkje berre røret for vatn til kraftverket som blir lagt i trasseen opp til støylen. Kraftverket legg i tillegg rør for signalkabel, kraftkabel og drenering av trasseen.
I tillegg nyttar kommunen høvet til å legge ny vassledning. Den gamle er dårleg og har kravd mykje vedlikehold i det siste. På grunn av over 400 meter høgdeforskjell skal vassverket også ha to reduseringsstasjonar. Her blir trykket i vassledningen redusert til null før vatnet fortset nedover mot forbrukarane i Eikefjord. Den første stasjonen skal plasserast rett ovanfor Løype, den andre lengre nede i lia.
Anleggsarbeidet medfører ein del sprenging. Dette blir varsla med sirene. I tillegg står sprengingsleder ovanfor sprengingsstaden og det er sett ut vakt nedanfor sprengingsstaden for å passe på at det ikkje kjem turgåarar inn i sprengingsområdet. Det blir brukt dekning over sprenginga så det ikkje skal fyke steinar frå sprengingsområdet.
Anleggsarbeidet gjer at vegen vil bli stengd i periodar. Dette gjeld biltrafikk. Turgåande vil komme seg forbi sjølv om ein må gjere rekne med ein liten avstikkar ut i terrenget eller gå over ei lita grøft. I helgane skal ein prøve å holde vegen åpen og framkommeleg også for biltrafikk.
Nede ved nybrotet til Bjørn Øren tar entrepenøren ut masse som blir frakt opp til anlegget på Løype. Turgåarane blir bedne om å passe på når anleggsmaskinene fraktar rør og masse oppover. Det er bratt og det kan hende at litt masse dett av på turen.