HAR DU HØYRT OM TÅRNAGENTAR ?
Trusopplæringa i Kinn inviterer potensielle tårnagentar i Eikefjord, Bru og Nordal. I desse sokna har vi også invitert tredjeklasse. Det er få påmelde til Eikefjord, så påmeldingsfristen er utvida eit par dagar, til 12.1.
Laurdag og søndag 29. og 30. januar 2011 blir andreklassingar i Kinn, Bru, Eikefjord og Nordal kyrkjelydar utfordra til å vere ”tårnagentar” som skal løyse oppdrag og mysterium i kyrkjehuset. Tårnagenthelga startar 29.1 kl 16 i kyrkjene Florø og Eikefjord. Agentane må heim for å sove laurdags kveld, men kjem til kyrkja att søndag morgon 9.00 for å førebu oppdrag tårnagentgudsteneste kl 11.
Trusopplæringa i Kinn har i brev før jul invitert alle døypte andreklassingar i Flora til å vere Tårnagentar i kyrkja denne helga.Det samme skjer i 600 kyrkjelydar rundt i landet.
Det vi skal gjere på og utforske er inspirert av programmet Tårnagentene som vart sendt på Julemorgen på NRK i jula. Men du treng ikkje ha sett serien for å bli med !
I tårnagenthelga skal vi løyse oppdrag og mysterium og utforske kyrkja, tårnet og klokkene. Barna bur heime, men vil vere saman laurdag frå fire til ni, og på søndag frå ni til gudstenesta er over.
Kyrkjetårn og anna hemmeleg
Kyrkjetårn er trange, men mykje rart kan vere lagra der. Kanskje finst det andre hemmelege stader i kyrkja, slik som ein kjellar eller eit rom bak ei låst dør ? Er der gamle tekstar vi kan tyde ? Både luper og fotoapparat kan trengast i utforskninga.
Bibelforteljingane
I Bibelen, boka om mysteria, finn agentane både agenttips og fortellingar som hjelper dei med å løyse oppdraga. Kanskje får fortellingane ringverknader for både agentane og for andre…
Breiddetiltak
Når alle døypte i ei aldersgruppe blir inviterte til ein aktivitet av kyrkja, kallast det breidde-tiltak i trusopplæringa. Tårnagenthelg er eit nytt breiddetiltak, sett i gang av Kyrkjerådet i samarbeid med Søndagsskulen, les meir på nettstadane www.tarnagenthelg.no og www.sondagsskole.no
Trusopplæringsutvalet i Kinn (felles for Kinn, Bru, Eikefjord og Nordal) vil prøve ut opplegget, og finne ut om dette skal bli eit fast tiltak i trusopplæringa her.
Ny påmeldingsfrist 12. januar
Som det stod skrive i invitasjonsbreva, er påmeldingsfristen 10. januar. Påmeldinga må innehalde namn, adresse og namn og telefon til ein føresett.
Adresse: Kinn kyrkjekontor boks 504 6903 FLORØ eller mailadresse [email protected].
Helsing, oss i Trusopplæringa i Kinn v/ kyrkjelydspedagog Kari Oline Åshamar.