Kafeen og butikken "Nærleiken" har fått godt fotfeste i Eikefjord etter at Gro Rukan ville satse på noko eige. Med fokus på Fairtrade, eige slipsmuseum, aktivitetar og arrangement har den litt annaleis utestaden blitt omfamna av Sunnfjord.
No er Nærleiken råka av ein annan nærleik. Både Gro og Joanna Jedrzejewska som jobbar der er gravide. Dette gjer at Gro vil selje Nærleiken til ei eldsjel som ønsker å ta over. Om ikkje bedrifta blir seld ser ho føre seg ei avvikling, men dette er ikkje noko ho ønsker. Om nokon vil ta over stiller gjerne Gro sin kompetanse til disposisjon i ein overgangsperiode.
Les meir i Firdaposten tirsdag