Eikefjord Idrettspark har fått resultattavle og nytt speakeranlegg!
Overskotet av fotballkampen i sommar mellom Sogndal og Brann som Toppfotball Sunnfjord arrangerte i juni i fjor, var på omtrent 50 000 kr. Dette vart brukt på resultattavle og nytt speakeranlegg.
Toppfotball Sunnfjord, med Anders Ole Sunnarvik og Ragnar Langedal i spissen, stod som hovudarrangør av denne treningskampen mellom Sogndal og Brann med over 1200 tilskodarar på tribuna. Begge klubbane hadde treningsleir i Eikefjord og Florø i forkant av kampen.
Overskotet av denne hendinga gjekk til resultattavle og nytt speakeranlegg på Eikefjord Idrettsanlegg. Toppfotball Sunnfjord er særs nøgd med dette overskotet, då fleire av fylkets festivalar og arrangement av denne typen gjekk med eit dundrande underskot. Spelarane, tilskodarar og støtteapparat i begge klubbane hadde trivelege dagar under treningsopphaldet. Toppfotball Sunnfjord vil takke alle som var med og gjorde dette til eit flott arrangement.
På stillinga 2-2 rett før slutt fekk Brann målet som sikra 3-2. Her er Cato Hansen sitt vinnarmål.
Her er i frå ei Brann-trening i Eikefjorden. Graset er heilt perfekt, takka vere vår eminente banemann Even Hamn. Han gjer ein kjempejobb året rundt og er vel det ein trygt kan kalle ein kvardagshelt i Eikefjorden!!
Håvard Flo og Tommy Øren etter treninga i Eikefjord.
Fotballgruppa i Eikefjord, som mest sannsynleg vert den støste brukaren av tavla og speakeranlegget, er svært nøgd med at dette no er komen på plass. Resultattavla står på veggen til garderobeanlegget og kan vendast, slik at ho kan brukast kan brukast både på gras-og kunstgrasbana.
Steg for steg har no Eikefjord Idrettspark vorte eit veldig bra utrusta anlegg med både gras-og kunstgrasbane. På begge banene finn ein speakerbu, kiosk, tribune og speakeranlegg. Og med resultattavle, klubbhus, garderobeanlegg, løpebane rundt grasbana og ikkje minst ei nesten splitter ny og påkosta kastebane, så er dette anlegget på veg til å verte eit komplett idrettsanlegg.
G 15/16 hadde ansvar for blussa i 2010.
I 2008 var det J 15/16 som hadde blussa på både Brann-Molde på Førde stadion, samt Brann-Ålesund på Florø stadion.
Her står Sogndal sin trenar i lag med Anders Ole og Ragnar utanfor klubbhuset til Eikefjord.
I 2008 vart Toppfotball Sunnfjord også arrangert. Då var Brann, Ålesund og Molde her. Brann spelte i mot både Ålesund og Brann, og overskotet den gongen gjekk til den mobile tribuna som no står nede på kunstgrasbana ved sidan av speakerbua.
Så får ein berre vente og sjå om Toppfotball Sunnfjord steller i stand noko artig denne sommaren og..
Les meir om kampen og opphaldet til Sogndal og Brann på www.eikefjord-fotball.no!
Begge klubbane har gjort det bra etter treningsopphaldet i Eikefjorden!
Brann er særs nøgd med opphaldet her i bygda!
Bilete og meir i frå Brann si trening her i bygda
Bilete og meir i frå Sogndal si trening