20110218-250-garasja007På grunn av mykje trøbbel oppe på Teinene er no anleggsdrifta på Hovland Kraftverk flytta ned til gamle riksvegen. Her held dei på å legge rørgata gjennom fylkesvegen og er så vidt begynt på grunnen til sjølve kraftverket nedanfor vegen.

Her ser vi den djupe grøfta der røra går under fylkesvegen.

Nedanfor vegen, ved sida av elva vil den nye kraftstasjonen bli bygd. Rørgata kjem ut under steinmuren omtrent midt i bildet.
20110218-525-garasja003

Vidare oppover vil rørgata følge markeringa i bildet. Den vil gå under riksvegen der traktorvegen går og vidare  oppover mot Løype. Frå der markeringa sluttar og opp gjennom lia skal det borast hol. Først skal dei bore ovanfrå med liten streng, før dei set på større borekrone og borer oppover. Dette for at massen skal falle av seg sjølv nedover.
20110218-525-garasja010

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2