Eikefjord_ArelagStyret i Eikefjord Årelag vil med dette invitere medlemmer og andre intresserte til årsmøte torsdag 24 mars kl 19.00 i lokala til Steinvik Fiskefarm.
Vi har fått Magnhild Vassbotn (91 år) til å fortelje om robåtens nytte i tidlegare tider. Ho vil også fortelje om tidlegare kommunegrenser og dei ferdselsårane dei skapte i forhold til det vi er vande med i dag. Vi håper dette vil vli ei hyggeleg stund der vi kan "kvile llitt på årane"

Etter kvila ca kl 20.00 vil vi ha lett servering med noko å bite iog det blir gjerne litt tid til historie formidling av andre og....
KL 20.30 vil styret halde Årsmøte (opent for ikkje medlemmar også) med vanlege årsmøte saker som gjennomgang av årsmelding, rekneskap, etc. Vi vil og orientere littt om kva aktiviteter vi ser føre oss i laget for 2011.
Etter møtet vil vi senkje skuldrane og rette ut albogane og takke kvar andre for ein hyggeleg kveld.
Vel møtt!
Eikefjord Årelag
Atle Erling Grøneng
Konstituert leiar, Nestleiar, Kasserar, Skrivar, Markedsansvarleg, Medieansvarleg og Formann i valnemda
Årelaget sitt slagord er: -senk skuldrane og kvil på årane.
NB! påmelding
[email protected] eller mobil 90053141

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2