Endå ein av klippene i Eikefjord politikken gir seg. Berit Seljeseth Osa, som stod på kumulert 2. plass på Høgre si liste har trekt seg. Ho har fått jobb som Controller i rådmannen sin stab, og har dermed sagt frå seg alle politiske verv i kommunen.
– Det er ein heilt naturleg konsekvens av at eg skal ta til i jobb i kommunen, seier Seljeseth Osa til Firda.no.
Litt rart å gje slepp
Seljeseth Osa har vore med i Flora-politikken i 12 år. Dei siste fire åra som gruppeleiar for Høgre, og medlem i formannskapet og bystyret.
– Det er litt rart å gje slepp på politikken. Men eg har gjort eit val. Jobben eg har fått er så spennande og utfordrande at eg valde den, seier Seljeseth Osa.
Ho vil framleis vere medlem av Flora Høgre, og vil også behalde 14.-plassen på Høgre si liste til fylkestingsvalet.