Fotballgruppa held kurs i dommarreglement og anna knytt til dommarrolla på Allhuset tysdag 29. mars kl 1700.
Alle interesserte er hjarteleg velkomne.
Dei fleste som ser litt fotball på skjermen og elles, har som oftast ei eller anna meining om dommaren. Til dømes dei siste vekene har det vore ein del kampar nedover kontinentet der dommaren har vore i fokus, mellom anna i kampane Barcelona-Arsenal og Chelsea-United.
Er det noko ein lurer på, ein situasjon eller liknande, vert det sjølvsagt tid til å stille spørsmål til kveldens eminente kursleiar, vår eigen Joakim Knapstad.
Vel møtt!
Til slutt tek vi med dette diktet av Arne Hjeltnes:
Far min, han er linjemann
Far til Ola køyrer buss,
over stokk og stein
Far til Liv studerer jus,
og les Margan kane
Far min gjør så godt han kan
far min, han
er linjemann
Nokre fedrar lappar tak
med sag og papp og drill
Andre lapper poden bak,
når snaipen er for vill.
Far min tar på drakta si,
han viftar med eit flagg,
og i offside får eg svi,
han er ein sinnatagg.
far min veit kva som går an,
far min, han
er linjemann.
I fjor var med er slekta bur,
me leigde os ein båt
og rodde oss ein liten tur,
far min vart ikkje våt.
Han gjekk langs kanten innpå land
for far min, han
er linjemann.