Når eg kom ned på Bakkane, på veg heim frå Hovlandstøylen torsdag middag fekk eg den flotte opplevinga å stå ansikt til ansikt med 2 hjortar med berre ca. 10 meter mellom oss. Vi studerte kvarandre i minst fem minuttar før eg trekte meg roleg tilbake. Mi erfaring med desse dyra er, at om dei hadde vært i god kondisjon etter vinteren, så ville dei nok sprunge sin veg , sannsyneleg før eg ville observert dei.
Det ser ut som at dei beitar på forskjellige tresortar som er felt ned under linjeryddinga. Eg har stor tru på at hjortedyra etter denne vinteren , desse inkludert, har eit stort ynskje om at alle hundar, uansett størrelse, har eit band som er trygt surra til eigaren sin.