Eikefjord kyrkje blir 200 år i 2013. Kinn kyrkjelege fellesråd og Eikefjord sokneråd har som målsetting å kunne vise fram ei nyoppussa og meir funksjonell kyrkje til jubileumet.
Flora kommune har sett av 1 million kroner til utbetringar på kyrkjene, ein stor del av dette vil bli brukt i Eikefjord.
Sidan kyrkja er så pass gamal, må Riksantikvaren godkjenne utbedringar og endringar. Dette er ein ganske omfattande prosess. Det er derfor viktig å ha god dialog og innhente synspunkt frå Antikvaren i forkant av planleggingsprosessen. Onsdag 23. masr var to representantar frå riksantikvaren på synfaring i kyrkja i lag med dagleg leiar i Kinn kyrkjelege fellesråd. Sogneprest, kyrkjetenar og fleire medlemmer frå dei kyrkjelege råda var også med.
Ein gjekk gjennom ein rapport i samband med utvendig vedlikehald på kyrkja og planane for utbedringar i denne rapporten var det semje om. Universell utforming av inngangspartiet til kyrkja , har i lengre tid vore eit tema i soknerådet. Blandt anna så har tiltak som utviding ytterdøra, rullestolrampe og funksjonelt toalett vore diskutert. På synfaring vart desse tema sett nermare på og det vart ein konstruktiv diskusjon. Ein såg på moglege løysingar som ein kan arbeide vidare med. Ein tok også opp tema som betre lys i kyrkjerommet og utbedringar på kjøkkenet.
Ved å nytte tida kogt og knytte til seg dei rette fagpersonane, ser ein kyrkjejubileet lyst i møte. Det er von at ein kan få gjordt noko arbeid sommaren 2011 og noko i 2012.
Kilde: Kinn Kyrkjeblad.