Grendalaget vil informere om at ein no har kjøpt inn skjelsand til badestranda (miljøstranda). Det har vert ei prioritert oppgåve frå Grendalaget å få ei innbydande strand liggande klar, til årets badesesong.
Det er bestilt 300 m3 skjelsand (ca 30 stk. lastebillass). Dette vil dekke ei høgde på ca 25 cm. over heile stranda. Leverandøren vil starte leveransen allereie i påskehelga.
Det blir ein del dugnad både med rydding og utjamning av sanden etter påske – så vi treng bygdefolket til dugnad, for å få eit perfekt resultat.
Vi kjem tilbake til tidspunkt for dugnaden etter påske.
Grendalget vil ynskje alle ei riktig god påske !
Eikefjord Grendalag.