Kl 15 fekk politiet melding om trafikkuhell inne i Helgøytunnelen på Rv 5. Ein lastebil hadde mista to bakhjul og det eine hadde treft fronten på ein møtande bil. Vegen vart stengd i ca ein time og det var lange køer på begge sider av tunellen.
Viking var på plass og her vert akslingen der dei to hjula var montert inspisert .
Sjåføren av den møtande bilen vart sendt til Florø for legesjekk.
Det eine hjulet trefte denne bilen i fronten. Mest sansynleg spratt dekket opp i tunelltaket etter at det trefte bilen. Eit lysamatur falt ned frå taket og ein buss kjørte inn i dette lysamaturet og knust frontruta.
Vegmeldingssentralen er varsla. Elektrofolk kjem på staden i 18.30-19.00-tida. Fram til då vil det berre vere eit køyrefelt som er ope, og det vil vere manuell dirigering på staden.