Mange i Eikefjord er irritert over at kommunen først no kjem på bana om rapportane om rasfare i berget ovanfor skulen. Dette burde teknisk ha avklart for lenge sidan, seier grendalagsleder Anders Ole Sunnarvik til Firdaposten. Han gjer det også klart at at dei ikkje vil godta ei lengre utsetting av prosjektet. Grenda har snart tilgang til nye store boligområde og då er barnehage og skule viktige moment for å flytte til Eikefjord.
Jeiki Jagetheesan i Flora kommune hevdar dei tek dette på alvor og dei har avtalt eit nytt besøk av geologar den 25. mai. Han reknar dermed med ei rask avklaring om grunntilhøva.
Geologane har skissert tre løysingar for sikring av skuleområdet. Dei to mest aktuelle vil koste mellom 3 og 5 millionar.
Rektor har gjeve elevar og tilsette forbod mot å opphalde seg mindre enn 15 meter frå den rasfarlege knause.
Les meir i Firdaposten lørdag