17.mai komiteen vil med dette få oppmode bygdas folk om å støtte opp om årets borgertog. Her har vorte noko skiftende oppslutning og vi føler at her har Eikefjordingane en mulighet til å vise om det er viktig for bygda å ha eit borgartog, eller om en skal kutte dette ut! Dersom ingen stiller opp risikerer en at i år vert siste år med to tog gjennom bygda på nasjonal dagen.
Skule musikken har eit stramt program denne dagen, og det er litt molaust når dei med slitne føter må gå nesten aleine i toget. Dei er sterkt etterspurte, og nærliggende bygder har ytra ønske om å leie dei til sine 17.mai arrangement.
Vi vil med dette på det sterkeste oppmode eikefjordingane om å vise at dei setter pris på dei flotte musikantene vi har - og støtter opp om årets Borgartog!
TIL ALLE LAG OG ORGANISASJONAR I BYGDA
Årets 17.mai komite ønsker å mobilisere til tidenes Borgertog gjennom bydga, og utfordra med dette alle lag og organisasjoner om å stille i toget, gjerne med eiga fane. Det laget som har flest personer bak fana si i årets tog, kan vente seg ei lita overrasking. Vi håper dere tar denne utfordringa - og gleda oss til årets Borgartog!