eul-logoEikefjord Ungdomslag ønskjer tradisjonen tru å lage til ei samling for ungdommen i bygda 16. mai. Vi syns det er dumt at ein reiser til by’n denne kvelden når vi har eit godt tilbod heime i bygda. Som tidlegare år vil vi tilby eit arrangement som startar på Miljøstranda med grilling, sandvolley og kanskje bading for dei som er tøffe nok til det.

Her vert sett opp eit stort telt, slik at ein har muligheit til å trekke under tak visst veret ikkje er med oss. Seinare kan ein trekke bort til ungdomslokalet ”Garasja”. Her vil det verte aktivitetar som biljard, bordtennis, musikk og ulike brettspel. Her er og muligheit for film på storskjerm og det vil verte sal av kioskvarer. Nye spillkonsollar skal kjøpast inn i god tid før 16.mai.

Klubben er open for alle fram til stengetid kl. 00.00 – heretter er det et arrangement for russen. (Foreldra står for dette) Ungdomslaget lager til grilling på stranda – men det er meininga at kvar enkelt tar med seg det en vil ha og ete og drikke sjølv. Ungdomslaget fyrer i storgrillen og ordnar med telt.

Vi gjer oppmerksam på at dette er et RUSFRITT arrangement – og all bruk av alkohol i forbindelse med arrangement gjennom ungdomslaget ikkje vert tolerert!

Vel møtt til ein kjekk kveld!


  • 19.00 – 23.00    GRILLING OG AKTIVITETER PÅ MILJØSTRANDA (ALLE TAR MED DET DEI VIL GRILLE SJØLVE)
  • 20.00 – 00.00    ÅPE PÅ ”GARASJA”. NYÅPNING AV NYOPPUSSA LOKALE! SPEL, KIOSKSAL, KINO, TV, SPEL, BILJARD OG BORDTENNIS
  • 00.00 – 07.00    ÅPE PÅ ”GARASJA” FOR RUSSEN. (10. KLASSE)


VEL MØTT !!

EIKEFJORD UNGDOMSLAG

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2