20110524-250-fjellrensking004Hammaren på veg frå skulen til Hovland har vore omtalt fleire ganger på Eikefjord.net. Denne hammaren har i alle år vore utsatt for ising om vinteren med tilhøyrande ras utover våren. Tirsdag var Mesta på plass og renska hammaren for lause steinar. Vi har fått ned alt som er laust oppe i skjæringa seier den eine av arbeidarane som var oppe i korga med spitt.
Det vart til slutt mange både store og små steinar som dei klarde å bryte laus frå skjæringa. Hammaren ovanfor skjæringa er ikkje undersøkt, dette er ikkje Mesta sitt ansvarsområde. Denne bør nok til liks med hammaren ovanfor skulen undersøkast så ein ikkje risikerer at stein herifrå dett ned på tilfeldige forbipasserande.

20110524-525-fjellrensking004

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2