20110614-250-turvikanipaTorsdagsturane til Friidrettsgruppa fortset, denne gangen med ein luftig tur på  Vikanipa. Starten er den same som for den vanlege turen opp, men litt oppe i vegen vender vi nasa oppover og skal følge skåra som går opp mellom brattfjellet og den skogkledde bratta.

Turen er meget bratt og luftig og egner seg IKKJE for dei med høgdeskrekk. Ein må også ha sko med god gripesole.

Møt opp i Sunnarvik kl 18.30 torsdag 16/6 og bli med på ein av dei luftigaste turstiane her i Eikefjord. Vi er avhengige av tørt veir på denne turen, då vi skal forsere nokre berg oppe i skrenten.

Turen ned igjen går den vanlege stien.

Kjentmann: Odd Asle Endestad

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2