Eikefjord Fotball er ein klubb som etter beste emne prøvar å setje fremme Fair Play.
Eikefjord Fotball er difor med i konkurransen om å vinne Fair Play prisen 2011.
Sogn og Fjordane Fotballkrets har 0-toleranse for mobbing, rasisme og uønska åtferd. Fair Play skal vere eit berande prinsipp på alle nivå i kretsen.
Fair Play handlar om respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar og andre aktørar på fotballbana. Det gjeld ikkje bare for spelarar men alle som er involvert i fotballen, enten det er som foreldre på sidelinja eller utanfor fotballarenaen.
Fokus på Fair Play gir klubben eit betre verdigrunnlag. Det gir signal til medlemmar, lokalsamfunn og samarbeidspartnarar om at klubben ønskjer å stå for positive og inkluderande verdiar. Dette er verdifullt i arbeidet med vidare utvikling av klubben.
Hensikten med Fair Play-prisen er å få eit større fokus på Fair Play i Fotballen. Klubbar som set Fair Play-arbeidet i system, kan få 10.000 kroner frå Norsk Tipping som er generalsponsor for Fair Play. Pengane skal brukast til Fair Play-arbeid i klubben. Det blir kåra ein vinnar i kvar krets som i tillegg til 10.000 kroner også mottek ein pokal og heider og ære.
Dei klubbane som har meldt si interesse for å vere med i konkurransen om Fair Play Prisen 2011 er:
Eikefjord IL, Selje IL, Stadlandet IL, Stryn T&IL og IL Jotun
Desse klubbane ønskjer å ha eit særskild fokus på Fair Play og SFFK vil hjelpe til i arbeidet gjennom klubb-besøk, ulike tiltak og vidare oppfølging.
Norsk Tipping gir kr.10.000,- til ein klubb i kvar krets som set Fair Play på dagsorden. Pengane skal brukast til Fair Play arbeid i klubben. Det er krets som innstiller sin kandidat til prisen.
Gjennomføring av retningslinjer som SFFK har set opp, vil, saman med Fair Play Programmet til NFF vere førande når kandidat skal innstillast.
Kretsen ynskjer klubbane lykke til i det vidare arbeidet!
Les kva klubben sjølv skriv kva Fair Play handlar om i denne artikkelen.