andersEikefjorddagane blir i år arrangert for 9. gongen. Dagane er dermed blitt ein og er viktig for bygda si marknadsføring.

Vi gler oss til å ta i mot deg som gjest, og håper vèrgudane smilar med oss alle denne helga! Eikefjorddagane skal vere for alle, med det lokalmiljøet har å tilby av folkeleg aktivitet som alle aldersgrupper kan trivast med og delta aktivt i.
Men for nokre kan det kjekkaste vere så enkelt som å treffe på gamle kjente, og få slå av ein god prat i Eikefjord, før vi går mot haust og vinter. Ein enkel, men god terapi for folkehelsa !


Eikefjord Grendalag er arrangør for Eikefjorddagane, og det er mykje arbeid som må gjerast i forkant for at vi skal klare å innfri forventningane både for oss sjølve, og publikum. Eikefjord er kjent for å ha mange i 2011, skal bli like bra som tidlegare år. Stort sett alle lag og organisasjonar i bygda er involvert gjennom ulike arbeidsoppgåver.

Stor takk til dykk alle!

Årets program blir mykje likt som tidlegare, med opninga av dagane i sentrum fredag kl 17 der vi spanderar kake og kaffi på deg! Kyrkjekonserten fredag kveld med Rita Eriksen Trio blir eit høgdepunkt.

Elles byr dagane på kunstutstilling, marknad,dans, gudsteneste i kyrkja, konkurransar,og mykje anna ein kan delta i, så det er berre å glede seg!!

Det har i vår og sommar blitt sluttført arbeid på stranda og promenaden med utplanting, fin kvit skjelsand og asfaltering. Kyrkjebukta framstår i dag som ei av Sunnfjords vakraste perler. Når sola strålar frå himmelen, er stranda eit meget populært område både for lokalbefolkninga, men også for resten av innbyggjarane i kommunen. Kjempebra tiltak for trivselsbygda Eikefjord !

”Plansmia”

Den viktigaste arbeidet til EG i haust blir å gjennomføre ”PLANSMIA”. Dette er eit samarbeid mellom Flora kommune og EG om regulering og tilrettelegging av bustadtomter. På møtet som var arrangert med grunneigarar i mars er det ca. 200 tomter aktuelle til utlegging. Det er eit ”skrikande behov” for bustadtomter i bygda, så det er på høg tid desse kjem!
”Plansmia” er eit nytt offentleg prøveprosjekt i samarbeid med grunneigarar, entreprenørar, og potensielle kjøparar. Planen er å gjennomføre dette prosjektet med ei vekes kontinuerleg arbeid i slutten av september. Prosjektet startar med eit folkemøte.

Slagordet vårt er: “Vi kan og vi vil – og folk frå Eikefjord får det til”. Vi håpar på mange besøkande på Eikefjorddagane 2011 og at dei får oppleve den flotte bygda vår i all si prakt!

Vi ser fram til at du blir med oss på ei trivselshelg i Eikefjord 12.–14. august


Med beste helsing
Eikefjord Grendalag
Anders Ole Sunnarvik

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2