steinar_karlsenEtter kyrkjekonserten kan du ta turen til sentrum for å høyre husbandet ”LailaBjørnSteinar” spele med open mikrofon. Her kan alt hende!

Trioen lovar liv og eggerøre. Tru om teltet vil lette?

Steinar Karlsen

Steinar Karlsen er kjend som gitarist og låtskrivar i banda Hot Little Mama og Spellemannsnominerte Good Time Charlie. I fjor var han aktuell med si første soloplate: Ulydium.

Gitaristen fra Sunnfjord har i mange år hausta begeistring for sin posisjon som bakmann i nokre av Noregs mest kritikarrosa og etablerte blues- og rockeband.

Laila Beathe Førde

Den sprudlande gla’jenta kjem frå bremangerlandet, der vill og heftig natur samt eit kreativt musikkmiljø nok har sett sitt preg både på musikkutrykk og veremåte. Ho var i si tid den sjarmerande og kvinnelege krumptappen i bandet Fabel. Seinare har ho jobba i ei rekke bandkonstellasjonar.

Blåseinstrument er Laila sin favoritt, men ho spelar på mange strenger både som kapellmester og arrangør. Dessutan er ho ein habil vokalist med eit uttal av stilartar på repertoaret. Ho må kort og godt berre opplevast!

Bjørn Wilhelmsen

– hobbymusikant med røtter i Finnmark og lopper i blodet. Spiller på Eikefjorddagane for tredje år på rad.

Eikefjorddagane 12 - 14 august

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2