fair-play-250På fyrstkomande onsdag 7.september inviterar fotballgruppa til barnefotball-kveld på bana kl. 17.30.  Magne Elde frå fotballkrinsen kjem på besøk.

Alle som vil er hjarteleg velkomne.

På denne kvelden kjem ein til å få mange gode treningstips.

Kl 17.30 -18.30 Teori i klubbhuset

Kl 18.30-19.45   Praksis på kunstgraset

Kl 19.45-20.00  Oppsummering


Alle er velkomne.

Leiaren for barnefotballen i Eikefjord, Dan Kåre Esp, håper at flest mogleg tek turen.

-Ein håpar sjølvsagt at flest mogleg av trenarane, lagledeiarane og foreldre kjem, då ein vil få eit stort fagleg utbyte av kvelden, fortel Dan Kåre i ein kommentar til nettstaden.

-Foreldre av born i fotballen er på det sterkaste oppmoda til å kome, då dette er eit fin måte å verte kjend med grunntankane i barnefotballen, samt at ein kan kome med innspel og stille kritiske spørmål ved saker ein lurer på. Det er mykje kunnskap å hente i ein god debatt, fortel han vidare.

På praksis-økta ser ein at teorien vert liv laga, og ein vert vitne til at ei god  fotballfagleg økt vert gjennomført. Og det viktigaste er sjølvsagt på plass, nemleg at ungane har det kjekt.

-Prakaia-økta er ein eit flott eksempel for trenarane i klubben å strekkje seg etter på sine eigne treningar. For foreldra er denne økta ein liten peikepinn på om ungane får gode nok treningar i kvardagen. Er trenaren til din unge kvalifisert nok?

-Og kanskje sit du som forelder med ein liten trenar i magen, og kanskje har lyst å vere med i ein eller annan funksjon rundt eit fotballag? Dette er fyrste skritt, avsluttar Dan Kåre.

Møt opp, dette vert garantert spanande og lærerikt!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2