20110903-250-knapstadkrysset021For dei veifarande er  det viktig med god veimerking. Måten skiltene i krysset på Knapstad er plassert er på ingen måte god.

Ikkje noko problem for oss som veit at vi skal ta av her, men litt verre for dei som skal følge med på trafikken og samstundes lese skilta og  plutseleg ser at det er her ein skal ta av til badeplass, camping og anna.

Mange ukjende fortel om brå nedbremsing og til og med rygging tilbake for å komme seg ned til Eikefjord sentrum. Ein venter ikkje at det er lagt eit kryss på ein plass der ein har så liten oversikt over vegen framover. Her er det både sving og bakketopp som ikkje gir den beste sikta.
Det beste hadde vore å fått ei skikkeleg avkøyringsfil slik at trafikken til Florø kunne gå uhindra forbi. Dette ville indikere at ein no kjem fram til krysset.
Det ville også hjelpt å løfta skilta slik at dei vart godt synlege frå lengre hold slik at ein kan få orientere seg om infoskilta før ein nesten er forbi.

20110903-525-knapstadkrysset016

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2