Høgre i Flora er også på bana med lovnader om å utbedre Eikefjord skule. Det er ei skam at Eikefjord skule har så dårleg standard som den har og Høgre lovar også større gymsal. I tillegg tar dei også for seg tryggleiken på skulevegen mot Kvalvik og kapasiteten til barnehagen i bygda.
SKULEN
Det er ei skam at Eikefjord skule har så dårleg standard som den har i dag. Det er rett og slett uverdig for både barn og tilsette å ha ein arbeidsplass i så dårleg forfatning. Høgre vil ha ein skule for framtida, noko som inkluderer ein større gymsal i tråd med faglege krav.
Gode minne frå barndommen er viktig skal du velje å bli buande eller kome attende til heimplassen din. Kva inntrykk sit barn og unge att med etter å ha gått på ein skule med så dårlege fysiske tilhøve?
Difor vil Høgre ruste opp Eikefjord skule så raskt som mogeleg!
SKULEVEG
For å sikre barna sin tryggleik langs skulevegen vestover vil vi også ta fram og jobbe vidare med tidlegare planer med gang-og sykkelveg fra skulen til Kvalvika.
BARNEHAGE
Høgre ser Eikefjord sitt store potensiale for tilflytting. Samstundes er kapasiteten i Eikefjord barnehage for dårleg. Får vi makta vil vi omgåande starte arbeidet med å få på plass ein privat barnehage i Eikefjord. Vi ser at dette har vore ein suksess i Florø sentrum. Vi håpar på det same i Eikefjord.
Kilde: Flygeblad Høgre