Kl 15.00 i dag torsdag spelar det norske J 15 landslaget mot Sverige, medan G 15 sitt lag spelar mot svenskene kl 17.30. Begge kampane går i Førde.
Vel møtt!
Denne veka er landslaga G 15 og J 15 til Noreg og Sverige på samling Førde i samband med dobbel landskamp mot kvarandre. Treningane vert lag til Eikefjorden og Gaular.
Heile denne veka har soleis dei norske og dei svenske landslaga i fotball for 15-åringar trena på bana i Eikefjorden. I dag er det altså klart for ny kamp og nye moglegheiter.
Kl 15:00 Kamp Norge – Sverige, J 15 Førde stadion
Kl 17:30 Kamp Norge – Sverige, G 15 Førde stadion
Billettprisar: Dei under 16 år kjem inn gratis. Dei i alderen 16-20 år betalar kr. 50,-, medan vaksne over 20 år må ut med kr. 100,- for å kome inn. Billetten gjeld for begge kampane i dag. Det er kiosk og det vert servert grillmat på Førde stadion i dag.
I den fyrste kampen vann jentene til Norge 1-0 over svenskene, medan gutane vann 3-2. Så dette kjem til å verte to spanande kampar.
Elles tek vi med at Jacob Storevik i frå Naustdal kjem til å stå i mål for gutane, medan det er usikkert kor mykje speletid Sara Eriksen i frå Førde får i denne kampen. I den fyrste kampen kom ho inn midt i den andre omgangen.
Vi ynskjer Sara og Jacob lukke til, og vi ser fram til to gode kampar i Førde i dag.