I dag kl 17.45 spelar småjentene, J 13/14, kamp på bana mot Dale.
Vel ein time seinare, kl 19.00, spelar A-laget mot Stadtlandet. Det unge mannskapet til tangotrøyene står no med 5 strake sigrar.
Kiosken er open under begge kampane.
Vel møtt!
Eikefjord sitt unge A-lag kjempar no om 3. plassen i 5. divisjon. Laget har vist ein stigande formkurve i år, då ein starta med tre strake tap. Så byrja ein å spele som eit lag, og løna har ein fått i form av poeng.
5 av fjorårets gutespelarar har spelt seg til fast på laget i år. I vinter var det einskilde i bygda som meinte at dette laget var altfor ungt, og ein kom ikkje til å ta eit einaste poeng denne sesongen.
Kampen i dag er den siste heimekampen år, så i dag er altså siste sjanse for å sjå ungkalvane i aksjon. Neste helg skal tangotrøyene spele borte mot Hornindal.
Det er og verdt å få med seg kampen til småjentene. Laget til Anette Barlund vart starta opp i fjor, og dei har hatt ein imponerande formkurve sidan de gong.
