20111015-250-hostferie3267I 10.klasse er det tradisjon for å reise på skuletur. Årets 10.klasse har ytra ynskje om å reise til utlandet og då var det behov for meir pengar i "kassen"

Bodil og Bjørn Øren lovde klassen ein sum pengar om dei kunne komme og rydde på beitet deira. Klassen slo til på tilbudet og har denne veka hatt 3 dugnadsdagar. Utruleg bra at ungdommane prioriterte å gjere ein innsats for fellesskapet framfor å reise på haustferie.
20111015-525-hostferie3194

Dei fleste i klassen møtte alle tre dagane og gjorde ein god innsats. Bodil var meget godt fornøgd med arbeidet til elevane. Dei to første dagane regna det heile tida, men vi høyrde ikkje ei klage frå gjengen. For dei som driv med HMS kan det nemnast at det var vaksne tilstades som betjena motorsag og hadde overoppsyn med flisehoggaren som var i bruk.
20111015-525-hostferie3195

20111015-525-hostferie3232

Arbeidet på beitet er ikkje fullført, men Bodil har informert gjengen om at halve summen snart er på konto. Til stor jubel frå alle:)

20111015-525-hostferie3212

20111015-525-hostferie3295

 

20111015-250-hostferie019Dei aller mest ihuga dugnadsjobbarane har i tillegg til dei tre dagane på beitet på Hovland jobba to dagar hos FjordPipe, EMV gruppa på Nesjane. Bjørnar Øren og Remco van Stee på verkstaden og Amalie Endestad og Michelle T.Knutsen på kontoret. Stor takk til Jon Åge Sande, Julie Titlestad og Dan Kåre Esp på Fjordpipe, for at dei tok i mot desse ungdommane og sette dei i arbeid. Veldig nyttig med litt arbeiserfaring.

20111015-525-hostferie014

20111015-525-hostferie030

10.klasse har komme med gode forslag til korleis dei skal samle inn pengane dei manglar til turen. Om det er noken i Eikefjorden som har noke arbeid som skulle vore gjort og meinar at ein 15-åring kan gjere det, er det berre til å ta kontakt med Leni Endestad så skal ho prøve å formidle, slik at ein får noken av ungdommane til å gjere jobben.

Ungdommane vil òg prøve å gjennomføre ei innsamling av flasker før og etter jul. I tillegg skal dei selge kjeks og karameller i boks.

Leni e-post: [email protected] og mobilnummer: 917 39 790

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2