20101016-250-aarsfest-aldersfastlagdFotballgruppa inviterer til fotballfest og stormande jubel for dei aldersfastlagde laga på Allhuset dag onsdag 19. oktober kl 18.00-20.00.

 

Festen er open for alle,  så spelarane må ta med seg familie, slekt og vener!


 

Laga ein skal feire denne kvelden er alle laga i frå dei minste miniputtane til det eldste laget vårt, nemleg gutelaget. Dame- eller herrespelane er sjølvsagd og velkomne til denne festen.

Det vert servering av mat, pølser, kaffi og kaker, samt underhaldning.

Fair Play pris

Ein vil og dele ut diplom og diverse prisar til spelarane. Mellom anna vert det delt ut to Fair Play-prisar til ein spelar på smågutelaget og ein spelar på småjentelaget som har vist gode Fair haldning gjennom sesongen.

Ein vil ynskje spelarar, foresette, trenarar, leiarar, dommarar og alle andre hjarteleg velkomen til fotballfest i Allhuset onsdag 19. oktober kl 18.00!

Sjå bilete med meir i frå festen i fjor her

fair-play-250

Her er kriteria som vert lagt til grunn for Fair Play prisen:

-Oppførsel mot motstandarlag

-Oppførsel mot dommartrio

-Oppførsel til trenar/lagleiar
Fair Play betyr at du som spelar må:

•Ta godt vare på dine medspelarar og inkluder nye lagkameratar.

•Unngå stygt spel og filming.

•Skape tryggleik og samhald på bana.

Fair Play skal vakse fram ved:

•Å trene og spele kampar med godt humør.

•Å behandle motstandarane med respekt.

•Å hjelpe sein skada spelar uansett lag.

•Å takke motstandaren etter kampen.

•Å ikkje kjefte på andre spillere eller dommeren.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2