Måndag 07.11.11 kl. 18:00 går startskotet! Still på FOLKEMØTE på Allhuset!

Programmet er fullt heile veka, og basert på stor aktivitet i bygdefolket for å "grunne" det arbeidet som vert gjort for Eikefjord - skal vi "eige" prosessen må vi vere med både i og på planen! Aktiviteten på dagen er ikkje alltid for alle, men kvar kveld stiller med opne møter. Så bli med!!!

Følgjande finn du eit førebels program for Plansmia i veke 45:

Måndag 07.11.11

Kl 18:00-20:00. Folkemøte Allhuset (vert kunngjort i Firdaposten og Firda 29.10). Gjennomgang av eksisterande planar, planprogram etc. Eikefjord i eit framtidsperspektiv. Skisseforslag planstrategiar. Meinigsutveksling.

Tysdag 08.11.11

Kl. 09:00-17:00. Møter med grunneigarar og tiltakshavarar.

Kl. 19:00-21:00. Ope møte, gjennomgang av innspel frå dagen.

NB! Endeleg planprogram vert handsama i Flora bystyre denne dagen!

Onsdag 09.11.11

Kl. 09:00-17:00. Samarbeidsmøter med grendalaget, andre lag og organisasjonar, skule, barnehage etc.

Kl. 19:00-21:00. Ope møte. Statlege og fylkeskommunale retningsliner for overordna planlegging. Lovverk, krav til planlegging etc.

Torsdag 10.11.11

Kl. 09:00-17:00. Plan- og skissedag. Organisering av arbeidsgrupper som kan arbeide med ulike planspørsmål. Synfaringar.

Kl. 19:00-21:00. Ope møte. Presentasjon av gruppene sine drøftingar og arbeid.

Fredag 11.11.11

Kl. 09:00-12:00. Arbeid med strategiar, planutkast og konklusjonar så langt med representantar frå arbeidsgruppene, grendalaget og kommuneadministrasjonen.

Kl. 13:00-15:00. Ope møte. Oppsummering av veka. Vidare arbeid med kommunedelplanen.

Førebels program. Mindre endringar etter behov. Mat mellom økter.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2