Lauvfallskonsert på Allhuset i Eikefjord 12. november kl 20.00

Trudde du at det sprudlande koret frå fjordbygda hadde snurpa truten saman og mista både munn og mæle? I så fall tok du styggjeleg feil.

Koret lever i beste velgåande og sprudlar som aldri før! Med iver og entusiasme har dei snekra saman eit velklingande repertoar basert på kjende musikalar som dei ønskjer å dele med flest mogeleg. Den musikalske reisa svingar innom Queen, Hair og Les Miserables, for å nemne nokre godbitar, og du får høve til å nyte lokale sangfuglar i fri dressur som solistar. Den musikalske ramma blir vidare godt støtta av proffe bergensmusikarar handplukka av koret sin eigen maskott, Laila Beate Førde som etter kvart ikkje treng nærare presentasjon. Ho må berre opplevast.
Etter konserten er det berre å finne fram danseskorne og svinge seg til tonar av ”ViTo”.
Det er haust, kveldane blir stadig lengre og mørkare. Og før du tek sats og stuper inn i den hektiske førjulsstria og med nordlyset flakkande over himmelkvelven, kan vel ingenting vere betre enn ein frisk konsert med utprega smak av Koriander?
Sjåast dåJ

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2