20111107-250-plansmie045I kveld kveikte Flora kommune i Plansmia med Folkemøte på Allhuset i Eikefjord. Om lag 80 menneske møtte for å høyre planane for veka og framover.

Anders Ole Sunnarvik introduserte rådmann Terje Heggheim og Steinar Furnes, som er prosjektleiar for Plansmia. Dei la fram tankane med å nytte denne forma for arealplanlegging i Eikefjord. Målet er å kunne få ei rask løysing som kan leggast fram for Bystyret til godkjenning allereie i mai 2012. Men for å kome så langt så raskt, treng bygda og kommunen at eikefjordingane er med og fyrer opp med idear og innspel: de er ALLE inviterte til å vere med!

Kvar kveld denne veka er der opne møte frå 19-21. I tillegg er det lagt opp til opne møte på dagtid onsdag med lag og organisasjonar, og med alle som ynskjer å vere med på gruppearbeid torsdag for å arbeide med problemløysing i høve til

  • Trafikktryggleik
  • Sentrumsområdet
  • Bustadutvikling
  • Nesjane næring / bustad
  • Grøntområde / Friluftsliv

 

Prosessen og veka skal oppsummerast i plenum fredag.

Allereie på folkemøte kom der innspel som vil vere med vidare. Mellom anna er situasjonen for unge nyetablerarar sett på dagsplanen i høve til utvikling av bueiningar som skal vere mogelege å investere i. Der var også ynskje om fokus på næringsutvikling og -areal; om der vert reell auke i folketalet i bygda, vil der kanskje vere grunnlag for fleire arbeidsplassar lokalt. Planar om auka folketilvekst vil også krevje auka kommunale tilbod om barnehage og skule. Så sjølv om planen fokuserer på arealplanlegging, er der mange aspekt som skal takast omsyn til for å nå målet om å legge til rette for at Plansmia ikkje berre skal ende i ein plan, men føre til bygdeutvikling og -utbygging.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2