I kveld, torsdag 24. november kl 19-21 vert det storforeldremøte i gymsalen. FAU ynskjer å invitere alle i bygda og håpar på stort frammøte!
I juni vart det vedteke ei utbygging av skulen, med ei ramme på 68 millionar kroner. No signaliserer rådmannen at det derimot ikkje er rom for ei slik investering.
Ordførar, rådmann og leiar av KUOP kjem til møtet for å orientere om kommunen sine planar for skulen.