20111114-250-skulen-0007Ein strekt pressa Fredrik Helland bekrefta at ein har penger til Eikefjord Skule sjølv om rådmann har tatt det ut av budsjettforslaget som politikarane skal ta stilling til.
Eikefjordingane får då håpe at viljen også er til stades slik flygebladet før valget så fint viste.

Kristen Steger Breisnes ønskte velkommen til over 70 frammøtte som hadde funne vegen til Gymsalen på skule for å høyre stoda for Eikefjord Skule. Utviding, rehabilitering og rassikring er prosjekt som Foreldre Arbeids Utvalget har jobba med i mange år. Han gav ordet vidare til rådmann Terje Heggheim.

Rådmannen takka først for invitasjonen som han ikkje såg på som ein invitasjon, men ei innkalling. Han tok for seg i første omgang rassikring av eksisterande bygning og uteområde. Eksisterande bygg skal sikrast for ras og denne prosessen er i god gang. Vegen er alt flytta og området vest for og bak skulen er avsperra. Dette er eit arbeid der staten tar 80% av kostnaden.
For nye bygninger må kommunen ta kostnad med rassikring. Det er her to alternativ. Bruke planane som dei er og rassikre eller flytte den nye bygningsmassen lengre vekk frå hammaren og dermed rasfaren.

På spørsmål frå salen blei det forklart at rasfaren ikkje er større no enn i 1964 då skulen blei bygd, men no må ein ta hensyn til ekspertane sine vurderinger. Ekspertane vurderer rasfaren til høgre enn det ein tidlegare forventa og dermed må ein gjere tiltak for å sikre seg mot denne faren.
På spørsmål frå Randi H. Solheim kunne rådmann ikkje svare på om det ville gi stordriftsfordeler ved å samlokalisere skule og barnehage. Samlokalisering vart heller ikkje godt mottatt av dei politikarane som uttalte seg eller dei andre frammøtte.

For rehabilitering/utviding av skulen har rådmann foreslått at det kun er planleggingsmidler som er igjen i budsjettet for kommande år. Dette for å få tid til å planlegge vidare og finne den beste løysinga for skulen og ei eventuell samanslåing av skule/ny barnehage. Kommunestyret har bestemt at det ikkje skal investerast for meir enn 22-24 mill kvart år framover og dermed blir det knallhard prioritering for politikarane. Med denne ramma og usikkerhet rundt skulen meiner rådmann at skulen ikkje skal være med i investeringsbudsjettet for kommande år.
Barnehagkapasiteten er også for liten i Eikefjord. Rådmann har hatt igang eit prosjekt med utviding av barnehagen med 1 avdeling og bedre personalforholda. Dette prosjektet vil komme på ca 12 mill. kroner.

Rådmann var også inne på Offentlig/Privat samarbeid. Her bygger eit privat firma bygget og kommunen leiger det i 25 år og deretter overtar kommunen bygget for ein sumbolsk sum. I den stoda Flora Kommune er no må også denne finansieringsforma for skulen godkjennast av fylkesmann då det er ei langsiktig økonomisk avtale for kommunen.

Rådmann sa også at dersom politikarane ønsker det vil han ta inn igjen Eikefjord Skule på investeringsplanen.

20111114-525-skulen-0002

Brigt Samdal fekk så ordet. Han orienterte rådmann om at dersom det var spesielle grunner kunne ein gå utenom regler for offentlige innkjøp. Rasvollen bak skulen er i høyeste grad eit slikt tilfelle. Han sa videre at rådmann har lagt fram budsjettet på tvers av bystyret sitt enstemmige vedtak om 68 mill til Eikefjord Skule. Barnehagen kan heller ikkje vente i 4 år på ny utredning, man treng fleire plasser alt til neste år.
Han lovde også at dersom det no blei ei utsetting av skulen ville ein gå vidare med pålagte krav som det også vil koste store summar å få i orden. Han ba om at ein gjekk vidare med dei framlagte planane og om nødvendig finne ein smidig måte å justere desse på.

Oposisjonspartia var samstemte om Eikefjord Skule. Skulen skulle inn igjen på budsjettet. Høgre har lovd både skule og barnehage i Eikefjord på sitt flygeblad 2 dager før valget.

Odd Bovim (V) i Kultur og oppvekst var naturlegvis forsiktigare. Han fastslo at Eikefjord treng ny skule, men investeringsramma for kommunen ligg fast.

På spørsmål frå Mona Standal om Høgre er klar til å sette av pengar, Anders Sunnarvik (Ap) som ville ha fristar og Brigt Samdal bekrefta Fredrik Helland (H) til slutt at ein har penger til ny skule.

Kristen Steger Breisnes oppsummerte kort og enkelt folkeviljen i Eikefjord. Vi vil ha ny skule og vi treng den no.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2