Tysdag 6.12.11 kl. 12:00 samlast bystyret i Flora kommune for å handsame sak om utviding av Eikefjord barnehage. Vi vil med dette oppfordre alle foreldre som kan å stille i bystyret for å synleggjere behovet vi har for barnehageplassar i bygda!

Barn i mage eller vogn? Bli med! Møtet kjem til å ta tid, men det kan vere det er verdt tida å stille:

Rådmannen har etter bestilling frå bystyret i mai 2011 gjort framlegg til vedtak: "Utviding av Eikefjord barnehage vert å planlegge vidare. Det vert sett av kr 12 millionar til føremålet i investeringsbudsjettet for 2013". Om framlegget går gjennom, kan ein prioritere byggestart til vår 2013.

Allereie til hausten vil der vere manko på barnehageplassar i bygda. Kommunen held i desse dagar på å greie ut midlertidige løysingar. Det seier seg sjølv at vi ynskjer nye plassar raskt.

Formannskapet har imidlertid valt å sette framlegget frå Rådmannen til side, og foreslå privat utbygging i bygda. Medan dette kan vere eit godt alternativ for framtida, vil det ikkje gje ei løysing som kan realiserast like raskt som ei eventuell utbygging av den barnehagen vi har.

Så: om dette er noko som er viktig for deg og din familie, vonar eg at du kan stille i bystyret! Til fleire, til betre: ring og inviter barselgruppa, veninner med barn i magen, andre med barn i vogn. Vi må synleggjere behovet for barnehageplassar i bygda, og setje Eikefjord på kartet for bystyret i Flora!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2