Eikefjordingar og Florøfolk var blant nokre av dei som fann vegen til Allhuset i Eikefjord der handarbeid i alle formar og fargar var til sals. Alt frå strikkasokker, tøflar og vottar til lindukar, trevirke, rosemåling og spekemat. Her kunne ein finne julegåver til ein kvar smak.
Det var også sal av kaffi, kaker og rømmegraut som ein kunne kose seg med medan ein tok seg ein pause frå handlinga eller berre for å vere sosial ein førjulskveld i Eikefjord.