I fjor opna Nina Liseth og tre venniner blomsterbutikken In-Spire i Eikefjord med blomster, gåverartiklar og interiørvarer. Kundar frå fjern og nær strøymde på og interessa frå Florø-folk var så stor at då det dukka opp eit ledig lokale i Torggata 4, var det naturleg å utvide med ein filial i Florø.
- Spanande personleg interiørstil kan ein skape ved å sette saman gamalt og nytt, om ein tør, seier Nina Liseth til Firdaposten. Ho står for den daglege drifta i florøbutikken.
Les meir i Firdaposten