Ola Borten Moe fekk fleire brev på vegner av grunneigarar om traséval for kraftlinja i Flora. Men breva var ukjende for mange av grunneigarane.

Brev på vegner av både berørte grunneigarar og skigruppa i Eikefjord IL vart sendt til Borten Moe i perioden juni 2009-juni 2011. Breva argumenterer for traséalternativ 1.0 via Storebru, men då Firda tek kontakt med fleire av dei breva er sende på vegner av, har dei ikkje kjennskap til saka.

Grunneigar signerte

21. desember i fjor vedtok Olje og energidepartementet (OED) traseen gjennom Flora kommune. I breva, som då var leverte departementet, står det mellom anna «Vi voner at departementet tek omsyn til naturen og legg linja der den er minst synleg i terrenget (alt. 1.0 eller sjøkabel)».

Breva er signert Dagfrid Humlestøl på vegner av 16 grunneigarar, samt skigruppa i Eikefjord.

Eige brev Skigruppa i Eikefjord IL har òg sendt eit eige brev til OED, der det mellom anna står at gruppa er kjend med at ministeren er invitert til synfaring i området Naustdal -Eikefjord, og vil gjerne at han òg tek turen til området ved skianlegget på Humlestøl- Storebru.

«Vi i skigruppa ønsker at Du ser på valg av trasé, og følger vår oppmoding om å følge trasé 1,0», står det i brevet signert av leiar Jan Arve Solheim på vegner av styret i skigruppa. Fleire av styremedlemmene skal ikkje ha kjent til brevet då det vart sendt.

– Eg trur ikkje nokon av dei andre var informerte om brevet. Eg var i alle fall ikkje det, men eg har sett det i ettertid, og veit det var signert på vegner av skigruppa. Det heile er jo litt rart, med tanke på at skianlegget ligg fleire hundre meter frå traseen det vart gått bort frå, seier Bjarte Liseth, som sat i styret då brevet vart sendt. Han seier òg at leiaren skal ha uttrykt at han vart utsett for press på grunn av sin posisjon i styret.

Trekt tilbake

Fleire av grunneigarane breva er signerte på vegner av, kjende ikkje til kontakten med OED, og minst ein av dei, Leif Øren, har i ettertid sendt brev til departementet der han avkreftar at synspunkta gjeld hans vedkommande. Øren skriv i brevet at dei sendte dokumenta «korkje har blitt framlagde eller godkjende av meg».

OED har og fått brev frå skigruppa i Eikefjord i etterkant av det siste trasevalet, der gruppas representasjon i både dei to breva på vegner av grunneigarane og brevet på vegner av styret i skigruppa vert trekt tilbake. Brevet er signert leiaren i skigruppa.

Begge breva om tilbaketrekking vart sende etter at Borten Moe hadde vedteke å endre trasévalet til linje 1.0.

Det har ikkje lykkast Firda å få tak i Solheim, mens Humlestøl ikkje ønsker å kommentere saka.

Kilde: Firda

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2