I dag kl 17-19 er det fotballfest i Førde på Sport 1 med mellom anna Liverpool-legendene Bruce Grobbelaar og Phil Neal.
Mellom anna er laseren er på plass og den som skyt hardast vinn fotballsko til 2500,-, samt at triksekongen Carl Martin kjem i lag med fleire spelarar frå Førde sitt A-lag. Det er 30 % på alle fotballrelaterte artiklar i butikken.
Elles tek vi med at den oransje drakta til fotballaget står pent og pynteleg til utstilling i butikken, samt at Sport 1 er samarbeidspartnar til heile idrettslaget på utstyrfronten i år.
Er du medlem i Eikefjord Idrettslag får du soleis gode rabattar på Sport 1 i år, står det å lese på medlemskortet du fekk i postkassa i samband med medlemsavgifta for idrettslaget. Kva nøyaktig desse rabattane er i tal og type utstyr har underteikna diverre ikkje klart å finne på nettet eller noko annan stad, så ta kontakt med nokon i hovudstyret så veit dei sjølvsagt svaret på dette.
Ein kan mellom anna kjøpe fotballen si flotte treningsgenser og treningsjakke her, eller ein kan bestille treningsdressen som hovudlaget har bestemt skal vere den offiselle for alle gruppene.
Fotballgruppa gjekk i år over til å kle seg opp i Adidas, noko ein ikkje har angra eit sekund på. Ein er svært så nøgd med overdelen og buksa. Ikkje berre er kleda slitesterke og svært behagelege å gå i, men ein ser jo brått med ein gong ganske so veltrent ut.
Så om du er med i fotballgruppa eller ikkje, no ligg denne ute for sal til alle til Eikefjord-pris hjå Sport 1 i Førde.
Pris overdel og bukse vaksen: 850,-
Pris overdel og bukse barn: 750,-
Pris couchjakke: 950,-